foto:

Cathrine Knudsen

Galleri Rosendal | Laurdag 28. mai kl 12
”Jeg prøver å fange stillheten – og maler bilder som jeg håper utstråler ro”

Årets Festivalkunstnar i Galleri Rosendal er Cathrine Knudsen frå Bærum. Det er første gongen ho held utstilling i Rosendal. Ho vil vise både mindre og større maleri med fjellsilhuettar og måleri med meir halvabstrakte motiv - i tillegg til nokon av hennar trykk. Ho har sagt: ”Jeg prøver å fange stillheten – og maler bilder som jeg håper utstråler ro”

Cathrine Knudsen (f. 1974), byrja å male i 2003. Lite visste ho då at det var dette ho skulle drive med på heiltid. Ho vart sjølv overraska over å få så positiv respons på bilda sine. Med målbevisste hender og eit sikkert blikk malar ho bilder som overraskar, og som viser at ho har ein modenhet i seg som målar.

Fleire samlarar har sikra seg hennar verk, og ho har og levert utsmykkingsoppdrag til Asker og Bærum tingrett og Østerås skole. TV2, Kommunal- og regionaldepartementet, Klepp kommune og SAS Braathens er bland dei som har kjøpt inn hennar måleri.

Kunstnaren er til stades opningsdagen. Utstillinga står t.o.m 9. Juli.

 

Heimeside

Sundag 29. mai 2011

Forsvarets musikkorps
Hestasletto kl 1430
Frode Alnæs
Kvinnherad kyrkje kl 19

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no