Forsvarets musikkorps
Forsvarets musikkorps Vestlandet kjem til Rosendal rett frå konserten "Norsk kanon" under Festspillene i Bergen. Eit knippe av sentrale norske etterkrigskomponistar i ulike genre står på programmet denne dagen, så som Harald Sæverud, Olav Anton Thommessen, og Kvinnherads eigen Knut Vaage m.fl. I tillegg tar korpset sin trompetist, Svein Henrik Giske oss med på ein (u)ærbødig kjærlighetsfylt og leiken tur med Bergens nasjonalsang, Nystemten. Overraskingar kan inntreffe. Uansett vil korpset med solistar frå eigne rekker og sin dirigent og kunstneriske leiar, Peter Szilvay spille opp til ein konsert på høgaste musikalske nivå. Både korps og dirigent er blitt kåra til "Årets utøver" av Norsk komponistforening, i 2008 og 2010.
Her kan du sjå korleis forsvaret sitt musikkorps har det på ubåt-tur!













