foto: morten krogvold

Frode Alnæs

Kvinnherad Kyrkje | Søndag 29. mai kl 19
"...en sjelden fugl i norsk musikkliv"

Frode Alnæs er ein sjeldan fugl i norsk musikkliv. Han vaks opp i Kristiansund saman med Lynni Treekrem og Øyvind Elgenes (Elg), som han seinare skulle danne Dance With A Stranger sammen med.

Dei siste åra har stadig fleire oppdaga Frodes mange og varierte talentar, som komponist ved festspill, som opphavsmann for revy, som ellevill komikar eller som utsøkt gitarist. Han har vist seg som ein begava musikar og spilt med våre beste musikarar innen nær sagt alle sjangre: rock, jazz, samtids- og folkemusikk. Hans talent verker utømmeleg.

Sjølv utan Dance With A Stranger ville Frode heilt sikkert hatt ein trygg økonomisk tilværelse som støttespelar for andre. Men Frode er ikkje ute etter å sikre seg, han er ein fullblods artist som alltid opptrer utan sikringsnett. Med CD-en "Frode" sto Frode Alnæs på eigne ben som artist, arrangør, musikar og ikkje minst som vokalist. Han har oppnådd alle sine mål, og skinner som sola av glede over kva han har fått oppleve og kva han har fått til. Som fullblods artist er han likevel opptatt av korleis han blir motteke. Den ellers alltid trygge Frode er faktisk svært spent og litt nervøs.

Vi er glade for at Frode i tillegg til å spele i kyrkja og tar seg tid til ein intimkonsert på Rosendalstunet måndag føremiddag.

 

Heimeside

Sundag 29. mai 2011

Forsvarets musikkorps
Hestasletto kl 1430
Frode Alnæs
Kvinnherad kyrkje kl 19

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no