Jonas Fjeld
Billett gjeld Festivalkro med to band frå kl. 19-02
Jonas Fjeld har hatt stor suksess dei siste åra. Det verkar ikkje som publikum blir lei av platane, eller av å gå på konsertane med denne folkekjære artisten. Det har vore mange samarbeidspartnarar i løpet av dei siste åra, og stadig med stappfulle hus på konsertane, og platesalg både til GULL og PLATINA.
Den siste tida har han mellom anna jobba saman med Rita Eriksen, Claudia Scott, Hilde Heltberg og Noora Noor. Til Rosendal og teltet i Skålafjæro kjem han med gitaristen Ben Basgård.
Jonas Fjeld står definitivt fjellstøtt - åleine - eller saman med andre musikarar. Med sin lune humor, dype røyst og flotte sangar, trollbind han publikum gong etter gong. Det blir garantert ein stemningsfull kveld i teltet i Skålafjæro!













