foto:

Ole Ivars

Nattdans Samfunnshuset | Laurdag 28. mai kl 22
"Ole Ivars har solgt over en million plater"

Ole Ivars ruller vidare i sitt 46. år som band. Makan til karriere er det få andre band i landet som kan visa til, om enn nokon i det heile tatt. Så mange år med gjentakande suksess tatt i betraktning. Aldri har dei vore meir ettertrakta enn i dag!!

Ole Ivars starta i Hamar-området i 1964 og har stadig mjøsbyen som base. Bandet har ein tilhengerskare som omfattar folk i absolutt alle aldre. Tidligare har det vore moderlandet som har vore nedslagsfelt, men no har og svenskane virkelig begynt å interessera seg for dette norske fenomenet, som må seiast å vera noko langt meir enn eit danseband. I 2007 fikk dei sin første svenske gullplate! Dei har spilt for ”folket” i heile si lange karriere, men i dei siste åra har dei samla fulle hus i kjyrker, konserthus , ja, til og med på opninga av Den Norske Opera & Ballet, vart det Ole Ivars som fekk oppdraget med å spela til dans. Då var publikummet kongelege, ministrar og andre celebriteter fra inn- og utland. I 2009 gjorde de også stor lykke i Klassefesten med Dan Børge Akerø.

Ole Ivars er nærast for grossistar å rekne i tal Spellemannpriser. Dei har 6 Priser, pluss den gjeveste av alle, ÅRETS SPELLEMANN. Heile 10 gonger er de nominert frå 1996 til i dag.

Ole Ivars har seld over ein million platar, og har eit tosifra tal GULL og PLATINA-platar, både for LP, CD og DVD.

Ole Ivars vann i 1999 Årets dansebandmelodi på NRK TV med sangen ”Nei, så tjukk du har blitt”. Denne sangen har forøvrig blitt stadfesta udødelig som landeplage, gjennom NRK’s TV-program om låten. Programmet het nettopp Landeplager. I 2004 kåra NRK Ole Ivars til TIDENES NORSKE DANSEBAND !! Bandet har også fått mange kulturprisar. I 2008 deltok de også i Melodi Grand Prix og kom helt fram til den Norske Finalen i Oslo Spektrum. Bandets låtskrivar og bassist, William Kristoffersen, fekk i 2009 Kongens fortjenstmedalje i Sølv, først og fremst for alle låtene han har skrevet gjennom meir enn 25 år. Dei fleiste av dei har Ole Ivars gjort kjent. For å nemne nokre av hitane til Ole Ivars kan vi ramse opp: Kongen av Campingplassen, Nei, så tjukk du har blitt, En får væra som en er, Jeg trodde änglarna fanns, Kalle med fela, Spellemannsblod, Fem gule enker, Samefolkets land , Som i Himmelen og Bare går og tar en øl. Sekstitallshitene Regnets Rytme og Line henger også fremdeles med.

Heimeside

Sundag 29. mai 2011

Forsvarets musikkorps
Hestasletto kl 1430
Frode Alnæs
Kvinnherad kyrkje kl 19

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no