Alf Ertsland
Festivalkunstnar Alf Ertsland kjem denne gongen til Galleri Rosendal og musikkfestivalen med heilt nye maleri – i tillegg til digitale foto. Fyrste gong bileta til Ertsland vart vist i kommunen var under utstillingen på Undarheim Gard - Husnes i 2007.
Ertsland er født i Hamre kommune i 1946, men vaks opp på Sunde i Kvinnherad og er no busett i Oslo. Han studerte ved Statens håndverks- og industriskole (SHKS) 1967-73 og ved Statens Kunstakademi 1973-78. Etter denne utdanninga var han hospitant ved Litoverkstedet ved SHKS. Alf Ertsland har og undervist som 1. Amanuensis ved SHKS.
Han har delteke på ei rad separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland, mellom anna i Kunsterforbundet, Saga Gallery London, Høstutstillinga, Dronning Sonja`s ”Impulser” på Høvikodden og New York : ” Norge” Contemporary Landscapes opna av H.K.H Dronning Sonja.
Utstillinga de vil få sjå i Galleri Rosendal under musikkfestivalen viser nokre av dei siste maleria han har malt. Motiva dreiar seg om dei nære ting, eit hus, ein båt, eit stilleben og eit landskap. Motiv og tema frå Sunde i Sunnhordland vender stadig tilbake. Inspirasjonen finn kunstnaren òg i norsk folkekunst og i god kunst generelt.
Kunstnaren er å møta opningsdagen. Utstillinga står til 3. Juli 2010.










