Anne Nørdsti

Rosendal samfunnshus | Laurdag 29. mai kl 21 | 300,-

I september 2004 debuterte Nørdsti med sin første CD "Bygdeliv". Det gjekk så bra at plata selde til gull på 9 månader.

Hausten 2005 kom oppfølgjaren "Bonderomantikk". Og det gjekk ikkje verre enn at plata denne gongen selde til gull på ni veker!

Og eventyret heldt fram. Anne Nørdsti er både låtskrivar og vokalist, og ho har sjølv skrive tittelspora på båe dei to første platene. Suksess blei det også med dei neste platene "Her vil jeg bo" og "Livli´på låven" - og så vart det spellemannspris i 2007. Etterkvart har det blitt ytterlegare tre nye spelemann-nominasjonar – seinast no i år!

Anne syng dansebandmusikk med eit stort innslag av country, og ho vert ofte kalla den nye danseband-dronninga.

Heimeside
Facebook

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no