Historisk tilbakeblikk

Rosendal Musikkfestival 2003

I 2003 kunne Rosendal Musikkfestival feira 25-års jubileum, og maken til jubileumsmarkering skal ein leita lenge etter! Det heile byrja torsdag 29. mai med opningskonsert i Rosendal Samfunnshus. Æresgjest og offisiell opnar var sjølvaste Hennar Majestet Dronning Sonja! I sin opningstale roste dronninga både Rosendal generelt og musikkfestivalen spesielt, og fortalde om fjellturen til Bjørndal tidlegare same dagen. Vi er svært takksame og stolte over at dronninga ville vitja festivalen i år. Også kulturminister Valgerd Svarstad Haugland skulle ha delteke på opninga, men dårleg vêr gjorde at sjøflyet ikkje kunne letta. Kulturministeren laga elles ei flott helsing til programheftet, der ho m.a. skreiv: ”Eit tilbakeblikk på tidlegare års program viser ei imponerande blanding av norske og utanlandske musikarar”.

Sjølve konserten var det trekløveret Palle Mikkelborg (trompet, keyboard), Terje Rypdal (gitar) og Helen Davies (harpe, keyboard) som stod for. Dei leverte ein usedvanleg vakker konsert, som hausta stor fagnad hjå ein fullsett sal. Tidlegare på dagen var det opning av festivalutstillinga med Kjell Nupen. Særs mykje folk vitja Galleri G Guddal, og kunstnaren sjølv var til stades. To dagar seinare kom Dronning Sonja for å sjå denne utstillinga!

Fredagen byrja med barnefest i Skålagato. Her var det barneopptog med Rosendal Skulekorps, ansiktsmaling, leiker og oppvisning. Kl 17 opna festivalutstillinga på Galleri Rosendal med Sigrid Øyrehagen. Også her kom det mange gjester, og salet av bilete var veldig godt. To timar etterpå var det klart for revyen ”…men tankene mine får du ALLTID!” i eit utseld samfunnshus. Skodespelarane Hilde Lyrån, Kjersti Elvik og Lisa Tønne innfridde forventningane, og publikum fekk mang ein god latter. Etterpå vart det høve til å le enda meir på fjordhotellet, då Jan Eggum og Stig Holmås sette kvarandre i stemne. Eggum framførde mange av sine slagerar, medan Holmås serverte morosame dikt. Heilt utseld (260 stk) og stor stemning. På gjestgiveriet spela den lokale gruppa Renate Haugs Band svingande countrymusikk for 90 personar. Nattdansen var det bergensarane i Greenland Whalefishers som tok seg av. Dei gav jernet med sine irsk-inspirerte songar, og imponerte dei over 300 frammøtte.

I strålande vêr opna laurdagen med folkefest og festivalfrukost i Skålagato. Sentrale aktørar var Bergen Byspill med klovnar og akrobatar, gruppa Heimalanne’, Rosendal Musikklag A B, nystarta Rosendal og Omland Jazzverk, og utøvarar av linedance frå heile kommunen. Særs vel gjennomført arrangement og mykje folk i gato.

Gratiskonserten utandørs ved gjestgiveriet vart som vanleg ein stor suksess, i år stod Heimalanne’ og Rosendal Musikklag for musikken. Ungdommen fekk sitt då popdronninga Bertine Zetlitz vitja oss. Ho leverte ein kjempekonsert, og framførde m.a. populære ”Girl like You” for eit begeistra publikum. Nok ein gong var samfunnshuset fylt til randen. Om kvelden spela Heimalanne’ til festivalkro på gjestgiveriet. Billettane til dette arrangementet forsvann fort (118 stk), og strilane innfridde med sin fengjande eigenkomponerte visepop. Nattdansen baud på salsamusikk med Mambo Compañeros. Denne stilarten har ikkje vore å høyra i Rosendal før, men det vart ein innertiar av dei sjeldne! Dei fabelaktige musikarane sytte for tettpakka dansegolv frå første tone, og heile 445 feststemde gjester opplevde eit musikalsk fyrverkeri.

Søndag 1. juni kom Juni Dahr og sommaren til Rosendal! Juni kom sjølv med framlegg om å laga ei konsertforestilling spesielt for musikkfestivalen, og saman med saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm produserte ho stykket ”Du var vinden” med tekstar av Olav H. Hauge. Urpremieren på husmannsplassen Grønestøl kl 17.30 i strålande vêr vart ein suksess, og publikum (og to gaukar som song med stadig vekk) fekk høyra sterke dikt og nydelege tonar. Dette arrangementet hadde fortent fleire enn 141 tilhøyrar. Festivalen vart avslutta med kyrkjekonsert i Kvinnherad kyrkje. Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitar), som har spelt på musikkfestivalen fleire gonger før, hadde denne gong med seg den danske legenda Povl Dissing (vokal). Dei gav oss høgdepunkt frå plata ”Den signede dag” med salmar og songar av Nikolai Grundtvig. Konserten hausta stormande applaus frå 295 personar. Ei verkeleg mektig og perfekt avslutning av ein strålande musikkfestival.

Mange utselde arrangement, svært gode tilbakemeldingar frå publikum og artistar, og stort sett godt vêr gjorde dette til ei festhelg av dei sjeldne. Eit særdeles verdig 25-års jubileum!

Rosendal Musikkfestival laga den 21. september 2003 til konsert med Secret Garden i Rosendal Samfunnshus! Det vart eit særs triveleg gjensyn med denne internasjonale storleiken, som hadde opningskonserten under festivalen i fjor. Melodiane deira vart no framførde i nedtona arrangement av dei 4 musikarane; Rolf Løvland (keyboard), Fionnuala Sherry (fiolin), Steinar Ofsdal (fløyter, cello, hardingfele) og Katie McMahon (harpe, song). Ein fantastisk fin konsert, som trakk 120 publikummarar til salen.

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 53 48 00 35
post@rosendalmusikkfestival.no