Historisk tilbakeblikk
Rosendal Musikkfestival 2005
27.-29. mai
"Bergtatt"
Farmers Market • Henning Kvitnes • Ephemera • Ingrid Bjørnov • Reidar Larsen and the Storytellers • Gregg Stafford & Røshnes Jazz Band
Gleda er stor når vi no introduserar Rosendal Musikkfestival 2005! Fyrst ut er Farmers Market som står for opningskonserten. Gruppa som spelar høgenergisk musikk, med bulgarsk folkemusikk som hovudinspirasjonskjelde, vert omtala som eit av dei beste og mest spennande live-banda i Noreg – vi spår nok ei uforgløymeleg oppleving i Rosendal Samfunnshus. Seinare på kvelden låner vi øyra til Henning Kvitnes. Kvitnes sine ærlege songar kjem til å røra ved sjela til alle heldige som finn vegen til Rosendal Fjordhotel.
Så er det tid for festivalkro på Rosendal Gjestgiveri. Emmerhoff and the Melancholy Babies er høgaktuelle med den nye plata ”Electric Reverie” som har hausta stor anerkjenning – vi er difor glade for å presentera bandet med lokal tilknyting for RMF sitt publikum. I Rosendal Samfunnshus inviterar vi til nattdans med Reidar Larsen. ”Norges ukrona blueskonge”, ”Mr. Blues”, ”Mr. Boogie Woogie” er berre nokre av dei namna Larsen har fått sett på seg. Vi føler oss visse på at danselystne skal få trimma godfoten.
Laurdag vert det som alltid Folkefest i Skålagato. Her vert det ei rekkje innslag over kjend lest. Stemninga er god i Skålagato og festivalfølelsen er på sitt varmaste. I år tek vi fram att den populære gratiskonserten ved uteplassen til Rosendal Gjestgiveri. Her vil mellom anna Vetrhus Bluesband, som og skal spela på festivalkroa seinare på kvelden, gje ein liten smakebit.
Vi er glade og stolte når Ephemera entrar scena i Rosendal Samfunnshus. Jentene i Ephemera sitt varemerke er den gode melodien. Songen som rører eller gleder, og alltid fenger – framført av tre vokalistar med gullstøv på vengene.
Kyrkjekonserten er i år lagt til laurdag, og er eit fruktbart samarbeid med 750-års jubileet for Kvinnherad Kyrkje. Konserten vert ved Røshnes Jazz Band saman med amerikanaren Gregg Stafford. Stafford er ein utmerka trompetist som og kan nytta lungevolumet til nydeleg vokal framføring. Vi nemner at slik kombinasjon fall heldig for Louis Armstrong. Nattdansen på laurdag vert med telemarksbandet E-76. Bandet er kjend for å skapa liv og røre for danseglade og feststemde festivaldeltakarar .
Festivalen 2005 vert avslutta med eit ”Klassisk Hærverk”, sett i scene av Ingrid Bjørnov. Dette kritikarroste showet vil setja eit verdig punktum for festivalen. Vi gler oss umåtaleg.
Festivalkunstnarar er Bård Breivik og Øyvind Svaboe.
Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 53 48 00 35
post@rosendalmusikkfestival.no

