Historisk tilbakeblikk
Rosendal Musikkfestival 2006
25.-28. mai 2006
"Tonereise"
Rein Alexander med band • Ravi & Dj Løv • Monty Alexander • Ole Paus & Real Ones • Marva Wright og Caledonia Jazz Band • The Foggy Few
Det er kjekt når Kristi Himmelfarsdag kjem i tilknytning til siste helga i mai. Dette gjev oss nemleg høve til å utvida festivalen til fire dagar, og kunna by på ei skikkeleg langhelg med kulturelle godbitar. På Kristi Himmelfarsdag inviterer vi difor alle til Kvinnherad kyrkje for ei roleg og oppbyggjeleg stund saman med Rein Alexander . Alexander let oss nyta røysta si akkompagnert av fullt band. Ei av styrkjene til Rosendal Musikkfestival er å spela på lag med lokale krefter og nytta den storslagne bygda vår. Vi er difor sikre på at alle som tek turen til Steinparken torsdagskvelden vil få ei storslått oppleving med musikk, dans og stemningsskapande lyssetjing når dei lokale artistane set opp forestillinga Magma.
Høgtideleg opning finn som vanleg stad i Rosendal Samfunnshus på fredagen. Her vil Monty Alexander Trio underhalda oss. Den verdskjende pianisten har teke turen over frå USA for å visa kva ein verkeleg virtuos kan gjera med ibenholt og mahogny. Vi garanterar ein svingande konsert.
I Rosendal Fjordhotell sin sal, ”Folgefonna”, har vi funne ein perfekt arena for akustisk konsertar. Vi er glade for at vi endeleg har fått Kvinnheringen Matti Røssland til Rosendal Musikkfestival. Røssland er ein av landets beste låtskrivarar og saman med kompanjongane i Matti Røssland Trio vil vi få ta del i sangskattane hans.
Bandet Matpackers frå Sandeid spelar rock med ramsalte tekstar. Rosendal Samfunnshus kjem til å ha eit bølgande dansegolv når karane går på scenen og byr opp til nattdans.
Laurdagen byrjar med den kjende og kjære folkefesten i Skålagato. Etter god underhalding og fint felleskap i ”gato” er det tid for gratiskonsert. Den er i år flytta til Snikkeriet. Her trør vi til med underhaldning av kveldens nattdans artistar – irsk inspirerte The Foggy Few og Ole Staveteig som står for musikken på Festivalkroa seinare på kvelden.
Klokka 1800 er det klart for storkonsert i Rosendal Samfunnshus. Ravi og Dj Løv er nokre av Noregs mest aktuelle artistar. Med sin nyskapande stil har dei trollsett publikum i alle aldrar.
Mot kvelden er det tid for nok eit høgdepunkt. Vi fortsett det gode samarbeidet med Sjømannskyrkja. Suksessen med å setja saman leiande band i Noreg med stjerner frå New Orleans miljøet var formidabel. I år er det ”the Blues Queen of New Orleans” Marva Wright som saman med Caledonia Jazz Band skal ta oss mot ukjende musikalske høgder.
Avsluttningskonsert søndag vert med Ole Paus saman med Bergensbandet Real Ones . Samarbeidet med bluegrass-merseybeatbandet Real Ones gjev ei ny og dynamisk skildring av Paus sine tekstar. Saman har dei gitt ut ”Sanger fra et hvitmalt gjerde i sjelen” som vil danna ramma for konserten.
Ei verdig avsluting med rutinerte, men alltid aktuelle Paus, saman med eit fremadstormande Real Ones.
Festivalkunstnarar er Karen Klim og Yngve Henriksen.
Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 53 48 00 35
post@rosendalmusikkfestival.no

