Historisk tilbakeblikk
Rosendal Musikkfestival 2007
25.-27. mai 2007
"Kollasj"
Elvira Nikolaisen • Steinar Albrigtsen • Asbjørnsen & Joh. • «Haugtussa» med Åsne Sunniva Søreide • Koret «Pektoral» frå Ukraina • Åsmund Åmli Band
Det er ei glede å introdusere årets festival som byr på eit variert program innanfor fleire kunstartar. Tradisjonen tru har musikkfestivalen også i år artistar og kunstnarar som vil yta strålande underhaldning og kvalitet. Høgdepunkta står i kø desse dagane! Årets tittel er «Kollasj».
Fyrst ute er Elvira Nikolaisen, som står for opningskonserten i samfunnshuset. Ho vil med sin behagelege og vakre musikk gleda alle dei heldige denne kvelden. Elvira Nikolaisen slo gjennom med plata ”Quiet Exit”, og hausta så mange lovord og stor anerkjennelse. Spesielt ”Egypt Song” er mykje spelt på radioen.
Heldige er også dei som tar turen til Rosendal Fjordhotel sin sal ”Folgefonna”, der folkekjære Steinar Albrigtsen vil underhalda oss. Han er plateaktuell i desse dagar med ”A Moment Of Peace”. ”Folgefonna” er perfekt for hans country/soul/bluesinspirerte musikk. IntermezzoDuo spelar på festivalkroa på Snikkeriet. Denne trompet- og gitarduoen spelar kjente låtar frå jazzen sin gullalder, i eit nytt og lavmelt arrangement.
Til slutt på fredagen inviterar vi til nattdans i Rosendal Samfunnshus med Åsmund Åmli Band, ikkje berre kjent for sin country/rock musikk, men òg for sine liveshow. Varemerket er det friske Vallemålet, som frontfiguren Åsmund Åmli har tatt med seg frå heimbygda si i Setesdal. Dei har vore på Norsktoppen i 11 veker med ”Stomp og Vatn”, derav 3 fyrsteplassar. Det blir liv og røre for feststemte festivaldeltakarar denne kvelden.
Laurdag er det Folkefest i Skålagato. Dette er eit kjent og kjært innslag for store og små. Her blir det underhaldning av ulik art, noko for ein kvar smak. Gratiskonserten på uteplassen til Gjesten er eit populært innslag. Her vil blant anna Mambo Companeros, som skal spele til nattdans i Rosendal Samfunnshus, gje ein smakebit av sine kubanske og latinamerikanske rytmer. Gruppa er eit av dei mest suksessrike latinband i Skandinavia. Under festivalen vert det dansekurs for barn og unge, og laurdag føremiddag får dansarane og instruktør Simon Woodhouse visa fram resultatet i samfunnshuset.
På den utandørs festplassen Hestasletto, vil publikum få oppleve den stemningsrike ”Haugtussa” med Åsne Sunniva Søreide og Natalia Skogland. I kyrkja inviterer vi til New Orleans-jazz med Jazzin`Babies & Anna Sise. Dette vert nok eit høgdepunkt for mange av dei frammøtte. På Festivalkroa på Spiskammerset er vi stolte av å presentere Kloster, som er eit energisk liveband med sterke melodiske låtar.
Søndag startar vi med revy i Samfunnshuset. Dei suksessrike Asbjørnsen & Joh vil framføre ”Snusk, snadder og gruff”. Duoen har kjempesuksess i Oslo, og haustar berre lovord. Ein feiande flott avslutningskonsert i kyrkja vil nok det ukrainske kammerkoret Pektoral stå for. Dei er kraftfulle og energiske i sitt uttrykk, og vi garanterer ein fantastisk konsert!
Festivalkunstnarar er Ingri Egeberg og Gunilla Holm.
Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 53 48 00 35
post@rosendalmusikkfestival.no

