Historisk tilbakeblikk

Rosendal Musikkfestival spring ut av Rosendal Musikklag, og vart grunnlagd i 1977. Sidan den gong har det vore eit vårleg og årleg høgdepunkt i kommunen. Rett nok vart det ikkje arrangert festival i 1981 og 1982, men det skuldast den dramatiske brannen i samfunnshuset 2. oktober 1980. Dermed kunne ein i 2008 feira 30-års jubileum!

Dei første åra var det korpsmusikken som dominerte, men då ein i 1984 fekk besøk av Opera Bergen si ”Porgy and Bess” framsyning vart ein ny kurs staka ut. Utover 80-talet kom fleire og fleire sjangrar til, og etterkvart vart Rosendal Musikkfestival ein festival i ”open klasse” – ein festival open for alle musikalske stilartar, og i tillegg kunst, teater, dans, lyrikk m.m.

Av andre milepælar må ein trekkja fram framsyninga ”Roser og syvstjerne” med Kari, Lars og Ola Bremnes, Erik Bye og Tove Karoline Knutsen i 1991. NRK fjernsyn gjorde opptak og sendte konserten i beste sendetid. Det første tingingsverket laga Ketil Bjørnstad i 1989. Tre år seinare kom han, saman med Terje Rypdal, attende med ”Vandring mot havet”. Verket kom på plate med tittelen ”Water Stories”. Også Iver Kleive og Knut Reiersrud sin ”Nye røter” i 2000 er gjeve ut på cd. Totalt har festivalen hittil presentert 5 musikalske og 2 lyriske tingingsverk, samt festkonserten 'Alltid ei oppstigande sol' i 2008.

Dei aller fleste norske toppartistane har vitja Rosendal Musikkfestival, dessutan internasjonale storleikar som Budapest Statsopera, Arja Saijonmaa, Secret Garden og Monty Alexander. I kva retning Rosendal Musikkfestival vil gå dei komande åra vert spanande å sjå, men vonleg vil fleire store stjerner koma for å gje publikum i Rosendal opplevingar på høgste nivå!

Her er nokre høgdepunkt frå kvar einaste av dei 30 tidlegare utgåvene av Rosendal Musikkfestival:

  • 1977 3.–5. juni
    • H.M. Kongens Gardes Musikkorps, Ytre Suløens Jass Ensemble
  • 1978 26.–28. mai
    • Bergen Kammerensemble, Nybø Skoles Musikkorps
  • 1979 1.–3. juni
    • Christiania Jazzband, Strusshamn Musikkforening, Musica Maria, Tyroler Blase Kapelle
  • 1980 23. – 25. mai
    • Royal Garden Jazzband, Nøtterøy Musikkorps, Manger Musikklag
  • 1983 3. – 5. juni
    • Christiania Jazzband, Medicinsk Blæse- & Spadserensemble
  • 1984 8. – 10. juni
    • Opera Bergen (”Porgy and Bess”), Fredriksberg Gammeljazzensemble
  • 1985 24. – 26. mai
    • Ensemble frå Harmonien, Fredriksberg Gammeljazzensemble
  • 1986 30. mai – 1. juni
    • Opera Bergen (Andrew Lloyd Webber ”Requiem”), Eikanger/Bjørsvik Musikklag, Christiania Jazzband
  • 1987 5. – 7. juni
    • Dollie de Luxe (”Which witch”), Linksfield Academy Concert Band, Christiania Jazzband
  • 1988 27. – 29. mai
    • Budapest Statsopera, Lill Lindfors/Ketil Bjørnstad
  • 9. oktober 1988:
    • Kammerorkester frå Harmonien (Vivaldi ”Dei 4 årstider”)
  • 15. oktober 1988: Opera Bergen (”Chess”)
  • 1989 26. – 28. mai
    • Gøteborg Brassband/Ole Edvard Antonsen, Nicolai Gedda, Ketil Bjørnstad (Tingingsverket ”Brassissimo Opus 23”), Det Norske Kammerkor/Ytre Suløens Jass Ensemble
  • 13. desember 1989
    • Senegalballetten
  • 1990 25. – 27. mai
    • Concordia-koret, Arve Tellefsen/Kaare Ørnung, The Big Chief Jazzband
  • 1991 24. – 26. mai
    • Kari, Ola og Lars Bremnes/Erik Bye/Tove Karoline Knutsen (”Roser og Syvstjerne”), Det Norske Kammerorkester, Karl Erik Harr
  • 1992 28. – 31. mai
    • Ketil Bjørnstad/Terje Rypdal (Tingingsverket ”Vandring mot havet”), Göran Fristorp, Oslo Gospel Choir
  • 1993 28. – 30. mai
    • Tittel: Roser og Barock Frode Alnæs/Lynni Treekrem/Anne Søyseth (Tingingsverket ”Roser og Barock”), H.M. Kongens Gardes Musikkorps, Eva Harr, Ingjerd Oda Mantor/Arild Helleland/Wienerkapelle
  • 1994 27. – 29. mai
    • Tittel: Ordet som inspirasjon Kari, Ola, Lars og Ole H. Bremnes (”Bak hundrede Mile”), Karl Erik Harr, Regine Hamsun, Sølvguttene, Simon Flem Devold, Jarl Kulle
  • 1995 26. – 28. mai
    • Tittel: Tonar innanfrå Mari Boine, Halvdan Sivertsen, Gustav Lorentzen
  • 1996 24. – 26. mai
    • Tittel: Ei skisse vestafrå Bjørn Eidsvåg (inkl. Tingingsverket ”Ei skisse vestafrå”), Vamp/Kolbein Falkeid, Kampen Janitsjarorkester, EKE Mannskor
  • 1997 30. mai – 1. juni
    • Tittel: Roser over grenser Arja Saijonmaa, Marie Bergman, Voci Nobili
  • 1998 29. – 31. mai
    • Tittel: Blå Odyssé Toralv Maurstad (”Peer Gynt”), Iver Kleive/Knut Reiersrud, Jørn Hoel/Steinar Albrigtsen
  • 24. juli 1998: Bjørn Eidsvåg
  • 1999 28. – 30. mai
    • Tittel: Fargar Av Ord AnneGrete Preus/Vertavokvartetten, Sondre Bratland/Iver Kleive/Sigmund Groven, Jon Eikemo
  • 19. og 20. november 1999: Kvinner på randen
  • 2000 1. – 4. juni
    • Tittel: Nye røter Iver Kleive/Knut Reiersrud (Tingingsverket ”Nye røter”), Morten Abel, Eriksen, Bukkene Bruse, Lars Andreas Larssen 2. januar 2000: Trio Toneleik
  • 2001 1. – 3. juni
    • Tittel: God morgon, Sommar Ole Paus, Arthur Arntzen, Nicolaus Widerberg, Midnight Choir, Vidar Busk, Aftenlandet/Göran Fristorp
  • 2002 31. mai – 2. juni
    • Tittel: Solstrimer Secret Garden, Sondre Lerche, Concordia-koret, Jonas Fjeld, Notodden Blues Band/Torhild Sivertsen, Remembrance
  • 2003 29. mai – 1. juni
    • Tittel: 25 år – eit kort sekund Festivalopnar: H.M. Dronning Sonja Palle Mikkelborg/Terje Rypdal/Helen Davies, Juni Dahr/Rolf-Erik Nystrøm (Tingingsverket ”Du var Vinden”), Jan Eggum/Stig Holmås, Kjell Nupen, Bertine Zetlitz, Povl Dissing/Iver Kleive/Knut Reiersrud
  • 21. september 2003: Secret Garden
    • 2004 28. – 30. mai
      • Tittel: Frisk blås og svingande tonar Toralv Maurstad/Espen Skjønberg (Tingingsverket ”Dikt frå Gullalderen”), H.M. Kongens Gardes Musikkorps og Drilltropp, The State Academy Symphony Orchestra, Silje Nergaard, State og Køhn/Johansen Sekstett
    • 2005 27. – 29. mai
      • Tittel: Bergtatt Gregg Stafford/Røshnes Jazz Band, Ingrid Bjørnov, Henning Kvitnes, Ephemera, Farmers Market, E-76
    • 2006 25. – 28. mai
      • Tittel: Tonereise Monty Alexander, Marva Wright/Caledonia Jazz Band, Ravi & Dj Løv, Rein Alexander, Matti Røssland, Ole Paus/The Real Ones, Ole Staveteig, The Foggy Few
    • 1. desember 2006: Rein Alexander
    • 2007 25. – 27. mai
      • Tittel: Kollasj Pektoral, Steinar Albrigtsen, Elvira Nikolaisen, Jazzin’ Babies/Anna Sise, Simon Woodhouse, Kloster, Asbjørnsen & Joh., Åsmund Åmli Band
    • 2008 30. mai - 1. juni
      • Tittel: Alle våre reiser The Brazz Brothers, Janne Schaffer trio, Vidar Johnsen & Peter Nordberg, Jarle Rosseland, Kjell Erik Killi Olsen, Vetrhus Bluesband, Karina Opdal og åtte andre lokale artistar (Festkonserten 'Alltid ei oppstigande sol')

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 53 48 00 35
post@rosendalmusikkfestival.no