Løvlands Allé
Løvlands Allé er eit band på full fart oppover. Sidan ein forsiktig start kring år 2000 kom dei i 2009 ut med si første single. No har dei vore i ulike studio, og bandet er utvida til fem musikarar. Dei er stadig oftare å høyre på radio, og vi er glade for å få dei til Rosendal musikkfestival.
Sidan oppstarten har Løvlands Allé utvikla seg til å bli eit stadig sterkare musikalsk band, og dei har fått mange tilhengarar. I musikken får kjende og evig kjære tema sitt musikalske utløp med ein nyansert nostalgisk twist. Venskap og forelsking finn tonane til melodiøs visepop.
Den første singlen deira, «Løvlands allé», kom i 2009, og den opnar dørene for at enno fleire kan nyte rike tonar og fine melodiar direkte frå alléen og inn i stova. Namnet Løvlands allé viser nok eit nostalgisk trekk, for det stammar frå heimkommunen Evje og Hornnes. Det var nemleg framfor statuen av bygdebarn og tidligare Stortingsmann Jørgen Løvland at dei begge sprengde sine første gitarstrengar.










