Mads Berven Trio - Barnekonsert
Skålafjæro | Laurdag 29. mai (føremiddag)
Inngår i første del av Skålafjæro-arrangementet kl. 11.30-14.00. Billett kr. 50,- kan kjøpast ved inngangen.
Inngår i første del av Skålafjæro-arrangementet kl. 11.30-14.00. Billett kr. 50,- kan kjøpast ved inngangen.
Den allsidige gitarvirtuosen Mads Berven er kjend for vestandspublikum i alle aldre - og ikkje minst for sin posisjon på jazzscena.
Dei siste åra har han gjort minneverdige barnekonsertar - blant anna med band som "Kniv og Taffel SwingJassOrkester", "Kick out the Jamz" og "No får det vere Rock!".
I barne- og familiekonserten i Skålafjæro serverar trioen ei herleg blanding av forskjellig musikk, med smittande spilleglede og inviterande engasjement som fellesnevnarar. I bandet har Mads med seg Kåre Opheim på trommer og Ola Høyer på kontrabass.










