Narum

Rosendal Fjordhotell | Fredag 28. mai kl 21 | Kr 320,-
”Neil Young på totensk” - historia om tre søskjen, eit dårleg piano og ein demo på avveie...

Narum var nominert til Spelemannspris og får om dagen svært gode kritikkar. Dei fekk terningkast seks i Dagbladet for konsert deira under ByLarm i Oslo.

Historia om bandet Narum handlar om tre søsken, eit dårleg piano og om ein demo på avveie. Søskena Benedikte (vokal, gitar) , Jon Anders (gitarar) og Lars Christian (tangentar) har alle halde på med musikk sidan 7-8 års alderen. Jon Anders og Lars Christian har spela i fleire band saman. Etter kvart vart brørne merksame på at veslesøstera hadde brukbare evner som vokalist. Dei snakka om å gjera noko saman. Men – det vart med praten. Heilt til i 2006...

Lars Christian hadde fått i hus eit gammalt piano av typen blytungt og ærverdig. Pianostemmaren kom - og vende tommelen ned. Eit håplaust tilfelle, nærast utan verdi, unntatt som møbel. Lars Christian, som var musikar på fulltid, måtte uansett øve og sette seg ned ved tangentane. Og ut av det hanglete pianoet kom det låtar. Og det var låtar av eit anna slag enn han hadde sysla med tidlegare. Ikkje nok med det. Plutseleg sat han og skreiv tekstar til musikken, noko han ikkje hadde gjort før. Lars Christian fekk søstera til å laga ein demo. Men det læt ikkje heilt som det skulle, det var noko med tekstane som ikkje stemte. Benedikte foreslo at dei skulle syngja på ”totning” i staden for bokmål. Og dermed fall alle bitar på plass.

Det varte ikkje lenge før Jon Anders kom med i bandet. Trioen vart dermed komplett med vokalist, låtskrivar og ein solid arrangør/studiomann, og dei sette i gong med innspelingar.

Tre søskjen og eit gamalt piano...

Lars Christian, som mange kjenner som mannen bak tangentane hos Hellbillies, sende ein låt til kollegaen sin der, Aslak Haugen, for å få ei vurdering. Etter å ha høyrt på låten, sende Haugen umiddelbart vidare til plateselskapet Warner Music Norway og ga beskjed om at dette måtte dei berre høyre. Plateselskapet vart begeistra – og dermed vart det plateinnspeling.

Narum læt som ei blanding av tradisjonell, amerikansk rootsmusikk og erkenorsk visetradisjon. Neil Young møter Prøysen kan være ein passande merkelapp. Den første singelen deira ”Je veit et stelle” er på A-lista til NRK P1.

MySpace
Facebook

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no