PRESSEMELDING

Rosendal Musikkfestival 2011
27.-30. mai

Festivalnemnda er stolte over å kunna presentera eit variert og breitt program for årets festival som finn stad 27.-30. mai. Det blir alt frå brazz og korpsmusikk til viser, rock, spelemannsprisvinnarar og sirkus. Det blir folkefest i Skålafjæro og kunstutstillingar. Med andre ord: noko for alle - uansett musikksmak!

Først ut er Rosendal skulekorps i samspel med ingen ringare enn sjølvaste Brazz Brothers. Og enda betre: Brazz Brothers har med seg nyskriven musikk til skulekorpset. Korpset feirar nemleg 50 år i år, og det vert feira på beste måte. Dei startar med øving saman med Brazz Brothers no i helga - og så vert det terping og jobbing heilt fram til opningskonserten i Samfunnshuset 27. mai. Erfaringane med teltet i Skålafjæro i fjor var særs gode. I år vert det difor festivalkro i Skålafjæro både fredag og laurdag. Fredagen er det Jonas Fjeld som startar i teltet med akustisk konsert. Festivalkroa fortsetter med bandet Lucky Pigs frå Austevoll som spelar musikk av Pink Floyd vidare utover kvelden.

Laurdagen startar med folkefest i Skålafjæro 11.30. Det vert ei rad innslag med musikklaget, sirkus for born md sirkusskule for dei ivrige og modige etterpå og mykje anna. Mellom anna kjem Circus Laboratory som jobbar for å halde dei gamle gode sirkustradisjonane ved like. Laurdag er og tid for opning av kunstutstillingar. Utstillarar i år er Cathrine Knudsen i Galleri Rosendal og Per Kleiva i Galleri G Guddal.

I skålafjæro vil det vera ope festivalkro heile ettermiddagen.

Laurdag kveld startar med Tone Damli i Samfunnshuset. I Skålafjære blir det festivalkro med det lokale bandet Jitney (frå Odda og Uskedalen) før Bergen Blues Band trår til med skikkeleg energisk blues seinare på kvelden.

I samfunnshuset vert det Nattdans med stor N! Sjølvaste Ole Ivars kjem til Rosendal fullasta med gode danselåtar! Her blir det stemning og svingom til langt på natt. Og det skulle ikkje forundre oss om ikkje ein lokal trommeslagar frå det sentrale Rosendal kanskje kjem til å ha ei gjesteopptreden på scena...

Etter at nattbussen har frakta folk trygt heim og det lir utpå sundagen, kan vi sjå fram til ein høgkvalitets konsert med Divisjonsmusikken på Hestasletto. Søndag kveld flyttar vi over til Kyrkja, der den unike musikaren Frode Alnæs vil gje oss ei stemningsfull oppleving.

Men heilt slutt er det ikkje enno. Nytt av året er konsert på Rosendalstunet. Her stillar Frode Alnæs på nytt med ein intim konsert for bebuarar med pårørande, tilsette, og seniorar i bygda ellers. Ein flott avslutning på ei flott helg! Nokre fleire arrangement vert det. Detaljar om dette kjem på nettsidene etter kvart: www.rosendalmusikkfestival.no og på Facebook. Der vil det og vera konkurransar der ein kan vinna billettar.

Billettsalet opnar 28. april

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Bjarne Øymyr (PR-ansv. - 917 30 817) eller Morten Nygård (Festivalleiar - 971 13 075) - eller send mail til post@rosendalmusikkfestival.no

Rosendal musikkfestival finn du og på Facebook.

Sundag 29. mai 2011

Forsvarets musikkorps
Hestasletto kl 1430
Frode Alnæs
Kvinnherad kyrkje kl 19

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no