Folkefest i Skålafjæro - Del II
Skålafjæro | Laurdag 29. mai kl 14-18
Andre del av folkefesten i Skålafjæro startar med gemyttlige tonar frå Tyrolergruppa til Rosendal Musikklag.
Kl 15.30 får vi høyre Bluebones - som vaks ut av jam sessions i Rosendal. Dei starta med blues men har etter kvart utvikla seg til å spela variert musikk med rock, balladar og eit herleg knippe eigne låtar. Ikkje heilt enkelt å plassera sjangermessig, så dei kallar seg eit pub rock band som spelar «Blueboneslåtar».
Kl 17 overlet vi scena til Løvlands Allé - eit band på full fart oppover. Dei er stadig oftare å høyra på radio og tilhengerskara veks. I musikken får kjende og evig kjære tema musikalske utløp med ein nyansert nostalgisk twist. Venskap og forelsking finn tonane til melodiøs visepop.










