foto: bjarne øymyr

Vegard Døssland

Vangssago | Sundag 30. mai kl 16.30

Vegard er berre 16 år, frå Uskedalen. Men han er ein mann med ambisjonar!

foto: bjarne øymyr

Han tek privattimar i Bergen hjå Erlend Vetås Aagaard-Nilsen, ein av Noregs beste trompetistar. Vegard sjølv ynskjer å bli så god som mogleg på instrumentet sitt. Ikkje berre tar han timar for å utvikla seg - han undervisar sjølve yngre elevar.

Vegard er medlem av Uskedalen skulemusikk og Rosendal Musikklag, og spelar trompet og kornett. Sidan 2007 har han og vore med i Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB).

Trass sin unge alder er det ikkje første gong Vegard spelar på festivalen. For to år sidan var han med på folkefesten i Skålagato - då som gitarist og vokalist i rockebandet WoX.

Til denne konserten har Vegard fått med seg Lars Storegjerde på piano og Sindre Aksnes på trommer.

 

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178 - 5486 Rosendal
Tlf: 95 30 76 54
post@rosendalmusikkfestival.no